{"product_id":"utyske","title":"Utyske","description":"\u003cp\u003ePå garden Stormoen merker dei godt at det er krig. Tyskarane har tatt halve huset og styrer den store militærleiren i bygda frå finstova. Odelsjenta Synnøve er skeptisk, men mora oppmodar dottera til å gjengjelde interessa obersten Hugo viser ho.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eNedi vegen driv Sveinung sauegarden etter at faren døydde i bombinga av Namsos. Han blir stadig meir uroa av oppførselen til venninna Synnøve.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eSjølv kunne han aldri likt ein soldat, meiner han. Det er heilt til han møter Mario. Sveinung fell pladask. Og med det er begge ungdommane involverte med kvar sin tyskar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eOffiserane planlegg ei framtid med tysk industri i bygda. Men Tyskland er i ferd med å tape krigen. Farane rykkar nærare. Fleire er på sporet av Sveinung og Mario - og Synnøve søker desperat ein veg ut.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eUtyske \u003c\/em\u003eer ei stor forteljing om den umoglege kjærleiken mellom nordmenn og tyskarar under andre verdskrigen - uansett kven dei var.\u003c\/p\u003e","brand":"Aschehoug","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50500185653291,"sku":"9788203462566","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788203462566_1.jpg?v=1790423683","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/utyske","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}