{"product_id":"sorgjemarsjen","title":"Sørgjemarsjen","description":"\u003cp\u003e«Det er kveld, stilt i vêret, klårt, men det byrjar skumre så smått, for det lid nokså langt på sumaren. Eg er på mosjonstur før eg legg meg, har gått kav ned til kaia og ser på glasfiberbåtane, som ligg bundne til stålfesta (trebryggja er longe borte, tre-båtane likeins). Sjøen skvalpar lett ved baugen deira. Det er eit underleg roande læte, som vekkjer visse assosiasjonar i meg. Eg går ned på kne som snarast, legg notisboka på ein av bryggje-zzstolpane og krotar ned nokre notar før eg reiser meg og går vidare.»\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eJonas lever av å selja reklametekster, men utan engasjement eller kunnskap om varene han skal reklamere for, tyr han heller til musikken. Han har forlate kona si i Reykjavik og freistar finne fred i eit fiskevær i Austfjordane. Som amatørkomponist trår han etter å gjera om til notar lydar frå klirring av glas, plystring i kaffikjelen eller bølgjeskvalp. Alle slags lydar noterer han, berre ikkje fuglesong; den er det opphavsrett til.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eSørgjemarsjen \u003c\/em\u003eer ei forteljing om kreativitet og kunstnarens einsemd. Med denne romanen legg Gyrdir Elíasson siste hand på kunstnartrilogien som byrja med Ved \u003cem\u003eSandelva\u003c\/em\u003e om ein målar og heldt fram med \u003cem\u003eUtsyn frå sørglaset\u003c\/em\u003e om ein forfattar. Omsett frå islandsk av Oskar Vistdal. Gyrdir Elíasson, f. 1961 i Reykjavik, er diktar og omsetjar. Han debuterte med diktsamlinga \u003cem\u003eSvarthvít axlabönd\u003c\/em\u003e (Svartkvite bukseselar) i 1983. Sidan har han gjeve ut ei rekkje diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Av desse er \u003cem\u003eSøvnhjulet\u003c\/em\u003e (1993), \u003cem\u003eMellom trærne\u003c\/em\u003e (2011), \u003cem\u003eSteintre \u003c\/em\u003e(2012), \u003cem\u003eVed Sandelva\u003c\/em\u003e (2013), \u003cem\u003eUtsyn frå sørglaset\u003c\/em\u003e (2014), \u003cem\u003eDikt i utval\u003c\/em\u003e (2016), \u003cem\u003eKoparåker\u003c\/em\u003e (2016), \u003cem\u003eVandrande ikorn\u003c\/em\u003e (2019) og no \u003cem\u003eSørgjemarsjen\u003c\/em\u003e omsette til norsk.\u003c\/p\u003e","brand":"Solum Bokvennen","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":44270181842987,"sku":"9788256024094","price":79.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788256024094_1.jpg?v=1782913845","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/sorgjemarsjen","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}