{"product_id":"raus-og-nadelaus","title":"Raus og nådelaus - historia om Trond Mohn","description":"\u003cp\u003eFor første gong kjem historia til den gåvmilde og gåtefulle Trond Mohn.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eIndustrimannen og investoren Trond Mohn er ein hard forretningsmann med ein vilje av stål, men òg sosialdemokrat, opptatt av fellesskapet og norske arbeidsplassar. I lang tid har Mohn vore den største sponsoren til Arbeidarpartiet og har hatt ein tett relasjon til LO. Han har gitt milliardar til norsk samfunnsliv.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eJournalisten Anne Kari Hinna fortel i denne boka historia om Trond Mohn, om foreldra og flukta deira til Skottland under andre verdskrigen, oppveksten med tvillingbroren Stein Mohn og korleis rikdommen blei skapt i familiebedrifta Frank Mohn AS.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eDet er òg ei historie om maktspel og bitre familiekonfliktar – med tvillingbroren, og med hans eigen son.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTrond Mohns sjenerøsitet har forandra lokalsamfunn, bygd sjukehus og styrkt idretten i heile landet. Boka viser fram kva som har vore motivasjonen hans for gåvene til fellesskapet, og kor viktig personlege relasjonar har vore i det filantropiske arbeidet.\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50500185948203,"sku":"9788234017223","price":449.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234017223_1.jpg?v=1790423453","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/raus-og-nadelaus","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}