{"product_id":"pass-dine-eigne-saker","title":"Pass dine eigne saker","description":"\u003csection class=\"productFullDetailNorli-descriptionWrapper-Ho4\"\u003e\n\u003cdiv class=\"contentFade-wrapper-SNk contentFade-expanded-za- contentFade-longContent-97m\"\u003e\n\u003cdiv class=\"richText-root-SHY\"\u003e\n\u003cstrong\u003eTrusesal og pedojakt.\u003c\/strong\u003e\u003cbr\u003e\u003cbr\u003eDå Ida kjem tilbake frå sommarferie, har noko endra seg med bestevenninna Pernille. Brillene er bytte ut med kontaktlinser, og håret er bleikt platinablondt. OG: Ho har plutseleg begynt å henge med Thea og Naomi, dei største jåledokkene i klassen, som alltid har terga Ida og Pernille. Kva har skjedd med Pernille, og korleis har ho fått råd til den nye stilen? Etter som Ida begynner å grave litt, finn ho ut korleis Pernille skaffar seg pengar. Og det er ikkje ved å hjelpe ein gamal nabo, som ho fortalde til Ida. Pernille har begynt med sugardating. I eit forsøk på å redde Pernille frå ekle gamle grisar lagar Ida òg ein profil. For er trusesal eigentleg så uskuldig og ufarleg som Pernille har fortalt?\u003cbr\u003e\u003cbr\u003e\u003cem\u003ePass dine eigne saker\u003cspan\u003e \u003c\/span\u003e\u003c\/em\u003ehandlar om dei risikofylte vala ungdom gjer i eit ønske om å høyre til. Det er ei underhaldande, spennande, ubehageleg og viktig bok om sugardating og om å vere ung og miste kontrollen. Boka er eit samarbeid med Stiftelsen LESE.\u003cbr\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003c\/div\u003e\n\u003c\/section\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":42605611843627,"sku":"9788234014451","price":329.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234014451_1.jpg?v=1779369780","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/pass-dine-eigne-saker","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}