Liv andre har levd

Ordinær pris 229,00 NOK Tilbudspris 229,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Liv andre har levd in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788249519385 | Format: Pocket | Utgivelsesår: Utg.år: 2018

Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det er trettifire år sidan han sist såg søskena sine.

Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei harde trettiåra.

Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending.

I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar, grashopper og fallande prisar – for å vinne tilbake det han har tapt.

Liv andre har levd er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?

Levering

Denne varen sendes innen 2–5 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter