{"product_id":"flygelet-ved-fjorden","title":"Flygelet ved fjorden","description":"\u003cp\u003eBarnet i Lars Amund Vaages nye roman blir fødd inn i familien på Hauge som det tredje av fem sysken og soneson av den store diktaren Gabriel Hauge. Garden er ein mørk stad å veksa opp. Omgangsforma er kald, ribba for gode ord og anerkjenning. For Sigmund, som ikkje får falda seg ut, er det berre slik det er.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eGjester kjem til Hauge, nokre heile vegen frå Chicago. Og gjestene har med seg det den aggressive mora til Sigmund lengtar etter: Dei kjem med lovprising og takksemd. Med gjester i huset blir Audhild ei god mor. Og kanskje finst det ein ven for Sigmund blant syskenbarna frå Amerika. Men så er det det med gjester, at dei drar igjen.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eHeile livet ventar Sigmund på høve til å koma nær fetteren Bob. No som dei begge er i syttiåra, skal Bob endeleg koma på vitjing for å sjå att Hauge. Samstundes skal Sigmund halda sin første konsert, på eit flygel ved fjorden.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eFlygelet ved fjorden\u003c\/em\u003e er ein djupt personleg roman, fininnstilt, klangfull, rytmisk og dvelande. Lars Amund Vaage handsamar eit stoff som har vore med i bakgrunnen i alt han har skrive før, men som han først no løftar opp i lyset.\u003c\/p\u003e","brand":"Oktober","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50500170088491,"sku":"9788249530472","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788249530472_1.jpg?v=1790593893","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/flygelet-ved-fjorden","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}