{"product_id":"fantastiske-pi","title":"Fantastiske pi - historia om eit uendeleg fascinerande tal","description":"\u003cp\u003eI tusenvis av år har mennesket vore oppslukt av talet pi. Pi er enkelt å definere: Det er forholdet mellom omkrinsen og diameteren i ein sirkel. Men ingen har nokon gong klart å skrive det ned! For desimalane held fram inn i det uendelege, og det er ikkje noko mønster eller orden i talrekka. Fordi talet er uendeleg langt, betyr det at du vil kunne finne både telefonnummeret ditt og passnummeret ditt – og bursdagsdatoane til alle barn som nokon gong har levd – i pi. Og ikkje berre ein gong, men uendeleg mange gongar!\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eFantastiske pi\u003c\/em\u003e inviterer deg til å fordjupe deg i den spennande matten bak dette fantastiske talet, fortel historia frå då talet vart oppdaga til korleis matematikarar brukar talet i dag. Du får sjølvsagt også lure triks for å hugse så mange siffer at mattelæraren kjem til å bli superimponert – og ein haug med pi-nlege vitsar.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eBoka viser at matematikk er meir enn berre rette svar, men eit fag som òg har rom for mysterium, fantasi og undring. Det får oss til å stille dei store spørsmåla: Kva betyr det at noko er uendeleg?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eFantastiske pi\u003c\/em\u003e er omsett frå engelsk av Jørgen Eriksson Midtbø. Boka er gjennomillustrert og passar best for barn frå 10 år.\u003c\/p\u003e","brand":"Skald","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":67997652615211,"sku":"9788279594246","price":399.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788279594246_1.jpg?v=1795184090","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/fantastiske-pi","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}