{"product_id":"det-ukjente-fjellfolket-i-tafjordfjella","title":"Det ukjente fjellfolket i Tafjordfjella - funn etter det første folket","description":"\u003cp\u003eNår is og snø smeltar, kjem stadig nye funn til syne\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTafjordfjella – Indre Sunnmøre og fjellheimen austanfor – er eit av dei største og mest villmarksprega fjellområda i Sør-Noreg, og blant dei første områda som vart isfrie etter siste istid. Dette er tidlegare enn ein lenge har trudd, og inneber at nettopp her kan ein finne spor etter noko av den tidlegaste menneskelege aktiviteten i dei norske høgfjella.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eTil no har arkeologar registrert meir enn tre tusen kulturminne her, som bogestillingar, fangstgraver og buplassar. Særleg oppsiktsvekkjande er dei mange bogestillingane, som tyder på at jegerar har levd her og jakta på villrein alt i steinalderen. Kven var menneska som ferdast her? Kva kan desse spora fortelje oss?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eI denne boka tek Runar Hole og Astor Furseth oss med til Tafjordfjella. Vi får vite om både dei spektakulære funna og om funn som kanskje ikkje gir meining ved første blikk. Saman med lokalkjende og fagfolk dokumenterer forfattarane dei ulike jaktområda i tekst og bilete. Kan desse nye funna endre måten vi forstår fortida på?\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eRunar Hole er arkeolog med fangsthistorie som fagfelt, medan Astor Furseth er lokalhistorikar og forfattar.\u003c\/p\u003e","brand":"Museumsforlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50500167335979,"sku":"9788283051940","price":450.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788283051940_1.jpg?v=1790604206","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/det-ukjente-fjellfolket-i-tafjordfjella","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}