Det uferdige huset

Ordinær pris 229,00 NOK Tilbudspris 229,00 NOK Ordinær pris 229,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Det uferdige huset in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788249524105 | Format: Pocket | Utgivelsesår: Utg.år: 2021

NOMINERT TIL NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS 2021

Den aprildagen i 1889 då Gabriel Hallvardsson kjem til verda, er ein svart dag i Hauge-gardens historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort frå, og der det med tida ikkje er andre enn bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn med ungar og dyr, hus og marker.

«Alle endrar seg, også dei døde», tenkjer Gabriel, og han finn trøyst i orda. Ord og setningar har eit lag med å koma til han, ubedne. Helge kan sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal finna sin veg i brytningstida like etter unionsoppløysinga. Får Gabriel Hauge det rommet han treng for å arbeida med sine mørke, eksistensielle dikt i ei norskdomsrørsle som krev at diktaren skal oppmuntra, gleda og vera med og byggja landet? Og kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter når det trengst?

Med utgangspunkt i lagnaden til farfaren, Ragnvald Vaage, fødd på Husnes i Kvinnherad i 1889, har Lars Amund Vaage skrive fram eit gripande portrett av ein ung heimstaddiktar i spenn mellom tradisjon og modernitet, pliktkjensle og kunstnarkall. Det uferdige huset er ein roman om å dikta frå ein fåmælt og jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet

Levering

Denne varen sendes innen 1–3 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter