{"product_id":"det-morke-fastland-1980","title":"Det mørke fastland 1980","description":"\u003cp\u003eStavanger 1980: Max kjenner seg fri etter å ha mista far sin. Tommy prøver å halde ut som postbod. Freddy har funne ut at faren har levd eit dobbeltliv. Og Rainer har redda familiens hus frå å brenne ned. Henry lyttar tolmodig til utblåsingane deira og blir eit tidsvitne. Den unge vennegjengen ønsker raskast mogleg å rømme frå byens nyrike verkelegheit og trauma den har skapt. Dei fire monologane gir oss innsyn i ein sterkt klassedelt by der mentaliteten til arbeidarar, nyrike, gammalrike og kristne er på kollisjonskurs. \u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003eMed Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?\u003c\/p\u003e","brand":"Samlaget","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":44445616832555,"sku":"9788234016622","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788234016622_1.jpg?v=1785344122","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/det-morke-fastland-1980","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}