{"product_id":"blod-og-vatn","title":"Blod og vatn","description":"\u003cp\u003eBLOD OG VATN – FIRE KLAGESONGAR\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eÉin gard. Fire forteljarar. Kvar av dei har sin monolog, eller kanskje heller klagesong,  om livet på garden. Ekteparet strevar med å «dra lasset saman». Odelsguten drøymer om å bli diktar, men tvilar på om han duger til noko som helst. Tenestejenta har etter 35 år enno ikkje kome seg av flekken, bunden av eit papir ho ein gong skreiv under på. Den gamle sit med nøkkelen til det meste. Frå han høyrer me ingenting – før det ein dag skjer noko …\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eBlod og vatn er ein fleirstemd roman om arv og odel, arbeid og utanforskap, plikt og lengt, og om kva det kostar å høyra til.\u003cbr\u003e \u003cbr\u003eDen prislønte forfattaren Hermann Starheimsæter er kjend for skildringar av menneske under press og for eit særmerkt språk. Kritikarane har trekt fram både dei presise, «mimoseaktige» sansingane og «den store humor». I Blod og vatn, hans mest omfattande bok til no, møtest desse kvalitetane i ei forteljing der også det metafysiske og religiøse står sentralt.\u003c\/p\u003e","brand":"Kapabel","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":50500183916587,"sku":"9788281633575","price":489.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788281633575_1.jpg?v=1790426009","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/blod-og-vatn","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}