{"product_id":"arbeidarsong-musikken-som-forandra-noreg-fra-1850-til-i-dag","title":"Arbeidarsong - musikken som forandra Noreg frå 1850 til i dag","description":"\u003cp\u003eKvifor har song vore så sentralt for venstresida i kampen mot overmakt og for eit betre samfunn? Då Marcus Thrane i 1850 klarte å organisere arbeidarane for første gong, brukte han song for å bygge mot og fellesskap. Sidan den gong har arbeidarsongen endra det norske samfunnet. Politiske idear er formidla i verseform og delt med musikk på møte og demonstrasjonar, til fest eller på sengekanten. Einar Gerhardsen blei fostra til politisk innsats med arbeidarsong, Håkon Lie satsa på musikk i kamp mot fascismen, og i 2011 song ungdom der dei svømte for livet frå Utøya. Norsk sosialisme er forma av song, hevdar forfattar Anne Marit Godal.\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cem\u003eArbeidarsong \u003c\/em\u003eformidlar historia om norsk arbeidarrørsle på ein ny måte. Songane vitnar om kva menneske har kjent, trudd på og drøymt om, frå 1850 til i dag. Verdas mest kjente melodi, \u003cem\u003eInternasjonalen\u003c\/em\u003e, oppmodar til opprør, Rudolf Nilsen-dikt om skam og fattigdom er tonesett av Lillebjørn Nilsen, og Sliteneliten og Karpe syng om utanforskap. I boka fortel både Gro Harlem Brundtland, Jens Stoltenberg og nye generasjonar om korleis venstresida treng krafta i musikken, for politikk er ikkje berre fornuft – det er også følelse.\u003cbr\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Res publica","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":68053980479531,"sku":"9788282263689","price":429.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0635\/3033\/6299\/files\/9788282263689_1.jpg?v=1793189777","url":"https:\/\/bokeriet.no\/products\/arbeidarsong-musikken-som-forandra-noreg-fra-1850-til-i-dag","provider":"Bokeriet","version":"1.0","type":"link"}