Sørgjemarsjen

Ordinær pris 79,00 NOK Tilbudspris 79,00 NOK Ordinær pris 349,00 NOK
Ordinær pris

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Sørgjemarsjen in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788256024094 | Format: Innbundet | Utgivelsesår: Utg.år: 2021

«Det er kveld, stilt i vêret, klårt, men det byrjar skumre så smått, for det lid nokså langt på sumaren. Eg er på mosjonstur før eg legg meg, har gått kav ned til kaia og ser på glasfiberbåtane, som ligg bundne til stålfesta (trebryggja er longe borte, tre-båtane likeins). Sjøen skvalpar lett ved baugen deira. Det er eit underleg roande læte, som vekkjer visse assosiasjonar i meg. Eg går ned på kne som snarast, legg notisboka på ein av bryggje-zzstolpane og krotar ned nokre notar før eg reiser meg og går vidare.»

Jonas lever av å selja reklametekster, men utan engasjement eller kunnskap om varene han skal reklamere for, tyr han heller til musikken. Han har forlate kona si i Reykjavik og freistar finne fred i eit fiskevær i Austfjordane. Som amatørkomponist trår han etter å gjera om til notar lydar frå klirring av glas, plystring i kaffikjelen eller bølgjeskvalp. Alle slags lydar noterer han, berre ikkje fuglesong; den er det opphavsrett til.

Sørgjemarsjen er ei forteljing om kreativitet og kunstnarens einsemd. Med denne romanen legg Gyrdir Elíasson siste hand på kunstnartrilogien som byrja med Ved Sandelva om ein målar og heldt fram med Utsyn frå sørglaset om ein forfattar. Omsett frå islandsk av Oskar Vistdal. Gyrdir Elíasson, f. 1961 i Reykjavik, er diktar og omsetjar. Han debuterte med diktsamlinga Svarthvít axlabönd (Svartkvite bukseselar) i 1983. Sidan har han gjeve ut ei rekkje diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Av desse er Søvnhjulet (1993), Mellom trærne (2011), Steintre (2012), Ved Sandelva (2013), Utsyn frå sørglaset (2014), Dikt i utval (2016), Koparåker (2016), Vandrande ikorn (2019) og no Sørgjemarsjen omsette til norsk.

Levering

Denne varen sendes innen 1–3 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter