Handbok om mentaliteten til kyr

Ordinær pris 399,00 NOK Tilbudspris 399,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Handbok om mentaliteten til kyr in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788283831566 | Format: Innbundet | Utgivelsesår: Utg.år: 2025

Handbok om mentaliteten til kyr er ei bok om tidsånda, om tilhøva i det seinkapitalistiske Europa, og om kyr, sjølvsagt.
 
Ein kulturvitar kjem heim til Island etter eit lengre studieopphald i utlandet. Med seg har han si engelske kone, dottera, og ei stadig sterkare kjensle av at moderne tankegods har køyrt det karrige øylandet i grøfta.
 
På arbeidskontoret er det berre sarkasmar og medlidande blikk å hente for kulturvitaren, men han får etter kvart ein jobb som manusforfattar for Islands Bondelag, som skal lage ein opplysningsfilm om den fabelaktige islandske kua, og trusselen frå importert Norsk raudt fe (NRF).
 
Gradvis går det opp for den ambisiøse kulturvitaren at kua sin status speglar menneskekulturen gjennom alle tider. Kua er sjølve nøkkelen til ei ny forståing av menneska og kulturutviklinga! Så underleg det enn kan høyrast ut, var det ikkje akkurat dette bondelaget var på utkikk etter, og når kulturvitaren i tillegg til å rote seg bort i sine høgttravande teoriar,  blir overrumpla av ein mannevond hundeeigar, spionering, giftmord og dysfunksjonelle familieforhold, raknar det fort for helten vår.
 
Den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) har tidlegare gitt ut tre romanar på Pelikanen. For Svar på brev frå Helga (Pelikanen 2012) vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris, medan Soga om vêret (Pelikanen 2014) vart nominert til Den islandske litteraturprisen. I 2016 kom Soga om Geirmund Heljarskinn, ei litterær omarbeiding av historia frå sakprosaboka Den svarte vikingen (2013), som han vart nominert til Brageprisen for. Handbok om mentaliteten til kyr kom første gong ut på Island i 2009, og var skriven rett i forkant av den økonomiske kollapsen i 2008.

Levering

Denne varen sendes innen 2–5 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter