Dei vaksne

Ordinær pris 449,00 NOK Tilbudspris 449,00 NOK Ordinær pris 449,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Dei vaksne in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788234719035 | Format: Innbundet | Utgivelsesår: Utg.år: 2026

Ein gong då eg var barn, slo eg til ein vaksen mann. Han var ikkje ein slik fyr ein slo til, eg var ikkje ei slik som slo, og så slo eg til han, med flat hand over fjeset, slik eg hadde sett damer gjera på gamle filmar, i såpeseriar, med handflata, hardt, eg heldt ikkje tilbake.

Anette reiser heim for å gå på gjenforeiningsfest med klassen frå ungdomsskulen. Ho har slutta i jobben og slått opp med sambuaren, og i dagane fram mot festen skal ho bu hos Betzy, ein gammal nabo som ein gong var som ei mor for henne. Gjensynet med heimbygda vert eit brutalt møte med ei fortid som er like umogleg å hanskast med som notida, der gapet mellom korleis folk framstår og kven dei eigentleg er, verkar uoverstigeleg.

Dei vaksne er ei forteljing om makt, vald og konsekvensane av ubearbeidde erfaringar, ein rå og original roman om å frigjera seg frå fortida, fortald med språkleg overskot og skakkøyrd livslyst.

Eli Fossdal Vaage (f. 1984) bur i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen og debuterte i 2014 med diktsamlinga Hekla myter, og i 2019 kom Estalåni, den andre diktsamlinga hennar. For desse fekk ho Bokhandelens forfatterstipend. I 2021 utga ho novellesamlinga Grå hoppe. Dei Vaksne er den første romanen hennar. 

Levering

Denne varen sendes innen 2–5 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter