Liten fugl

Ordinær pris 299,00 NOK Tilbudspris 299,00 NOK Ordinær pris 299,00 NOK

Gratis frakt ved ordre over 300 kr

Du kan ikke legge til mer Liten fugl in Default Title til handlekurv

ISBN/EAN: 9788269346237 | Format: Pocket | Utgivelsesår: Utg.år: 2026

Liten fugl er ei bok, men også ei kiste full av overraskingar. På sidene finn vi menn som blir til eldfluger og kvinner som har ein liten fugl i lomma på jobbintervju, eller med eit blikk forvandlar hagearbeid til performans. Nokre av forteljingane går føre seg i Nord-Noreg, andre i Peru, og andre igjen på ikkje bestemte stader. Men uansett landskap går hovudpersonane gjennom kvardagen som om den både var deira eige territorium – og ein lett hallusinasjon. For her blir alle rom uvisse: Migrasjonen er ikkje berre geografisk, men også emosjonell og mental. I desse tekstane blandar sorg, framandkjensle, humor seg i eit undrande – nærmast magisk – blikk på verda. Slik kastar Liten fugl lys over mørke soner i tilværet og forvandlar dei til små openberringar.

Claudia Ulloa Donoso (Peru, 1979) er ein forfattar busett her i landet. Ho kom først til Nord-Noreg, tidleg på 2000-talet, budde i Bodø, studerte ved Universitetet i Tromsø, og no bur ho i Trondheim. Alt i 2006 debuterte ho, med novellesamlinga El pez que aprendió a caminar (Fisken som lærte å gå), og heldt fram i same sjanger med Séptima madrugada (2007, Sjuande morgongry) og Pajarito (Liten fugl, 2015) som allereie har oppnådd kultstatus blant spansktalande lesarar. Den første boka som kom ut på norsk, var derimot første romanen hennar, Yo maté un perro en Rumanía (2022) Jeg drepte en hund i Romania (2024). Ho har vore representert i fleire antologiar med temaet den nye latinamerikanske novella, og vart i 2017 vald ut til Bogotá39-lista over dei mest lovande unge forfattarane i Latin-Amerika. I Noreg har ho ved sida av å utvikle forfattarskapen sin undervist i spansk, og i norsk for innvandrarar.

Levering

Denne varen sendes innen 2–5 virkedager. Bestilles den sammen med en vare med lengre leveringstid, er det den lengste leveringstiden som gjelder. Alle ordre sendes samlet.

Gratis frakt på ordre over 300 kr (ellers 75 kr).

Levering kun i Norge.

Retur

14 dagers angrerett i henhold til angrerettloven. Fristen gjelder fra den dagen du mottar varen. Vennligst kontakt oss før fristen utløper for å avtale retur.

Nylig sette produkter